Senteret sitt bannerbilde

Tokke Legekontor

 

Me ynskjer å gjere kontakten med oss så enkel som mogleg.

Du kan bestille legetime eller resept på SMS eller internett. Me ber om at du sender SMS (evt ringer), dagen før du vil ha time.

Du vil få svar mellom 08.00 og 09.00 same morgon som du vil ha legetimen. 

Me har fastlegeordning, følg med på nettsida når fastlegen din er på jobb!

Enkelte dagar kan me berre tilby øyeblikkelig hjelp (ø-hjelp). Det er fordi me av ymse årsaker har få pasienttimar tilgjengelig.

Du kan likevel få legetime dersom det gjeld t.d:

- sjukt barn
- luftvegsinfeksjon
- halsbetennelse
- urinveisinfeksjon
- pustevanskar o.l

 

Når du sender sms, skriv gjerne eit par stikkord for kva det gjeld, så me lettare kan prioritere.

 

Dersom du er usikker, ring oss på tlf 35075560!

 



Aktuelt

18. januar 2019

VED BEHOV FOR AKUTT HJELP, RING:               116 117

ELLER 113 (MEDISINSK NAUDNUMMER)  

  

 veke 4: 

 

Kvar tysdag har me møte frå kl 0800-0900. Det blir ikkje tatt blodprøver eller andre undersøkelsar denne timen. 

 

NB! Torsdag 24 januar er det kun øyeblikkeleg hjelp. 

 

Lars Håvard Eriksen:

Kurs måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

Pasienttimar  fredag.

 

 

  

 

Dordi Elise Flom:

Pasienttimar måndag,tysdag og onsdag.

Øyeblikkeleg hjelp torsdag.

Administrasjon fredag.

 

 

 

Nina Torsvik Steinsvåg : 

Pasienttimar måndag og tysdag.

Fri etter vakt onsdag.

Visitt sjukeheimen torsdag.

Kurs fredag.

 

 

 

 Kristian Ulrik Fagernæs:

 

Pasienttimar måndag og onsdag.

Visitt sjukeheimen tysdag.

Helsestasjonen torsdag.

Fri etter vakt fredag. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FØRARKORTATTEST:

Om du har behov for helseattest til førarkort må du bestille legetime og markere bestillinga med "førarkortattest". Du nyttar ordninga med time på dagen som normalt. Det er viktig at du tek med ferdig utfylt eigenerklæring om helse til legetimen. Du finn eigenerklæringsskjema her: https://www.vegvesen.no/_attachment/61124

 

 

OFFSHOREATTEST:

Lars Håvard Eriksen er autorisert petroleumslege. Bestill time i god tid då dette ikkje inngår i time på dagen.

Offshoreattest kostar kr.1800,-

 

 

SMS-TENESTE PÅ TOKKE LEGEKONTOR

Tokke legekontor tilbyr SMS-teneste til våre pasientar, tenesta er  gratis.